tirsdag 9. desember 2008

Auggie Wrens juleforteljing.


Ei Juleforteljing treng ikkje nødvendigvis å handla om jul og det som høyrer høgtida til. Nissar, englar, snø og den slags er noko vi forbind med jula, men ei god juleforteljing kan vel bli fin forutan det? Eg meiner at det viktigaste i ei fin juleforteljing er bodskapen. Den må fortelje oss noko og samtidig helst vera koseleg, nett som ei solskinshistorie. Jula er ei høgtid der ein sett det å ha det bra ekstra høgt. Alle skal ha det bra i jula, og det å sørgje for at andre nettopp har det, det er ei god gjerning som gjerne høyrer ei juleforteljing til. 

Auggie Wrens juleforteljing er skriven av den amerikanske forfattaren Paul Auster. Nett som novella fortel er den skriven for New York Times, og vart publisert 25. desember i 1990. Denne juleforteljinga inneheld akkurat denne koselege biten eg nemnde over. Historia startar litt dystert med ein ynkeleg ung mann som stel. Men det koselege kjem da Auggie blir drege inn i eit spel med bestemora til denne stakkarslege mannen. Forutan at ho er gammal er ho også blind og antakeleg til og med litt einsam. Det at Auggie kjem på besøk julekvelden gjer ho glad. Ho likar å tru at det er han som er barnebarnet hennar, og han spelar med for å ikkje skuffe denne stakkars dama. Han bidreg til at hennar siste jul blir koseleg og fin. 

Auggie Wren føler seg ussel. Han ser på gjerninga si litt annleis. Jo, han veit at han bidrog til at dama fekk ei fin jul og alt det der, men det at han gjedde seg ut for å vera barnebarnet hennar, Robert, vart feil. Og ikkje nok med det, så tok han med seg eit av dei mange digitalkamera som stod der. Sannsynlegvis noko Robert hadde stole. Auggie syns dette er ubehageleg og likar ikkje det han gjorde. Kanskje det er grunnen til at han ikkje vil ha historia skriven med sitt eige namn? Det kan også vera at han berre fann opp heile historia, berre for å hjelpa ein god venn. 

Forfattaren er fast kunde hjå denne Auggie Wren, men etterkvart som dei finn ut at dei har noko til felles, blir desse kunstnar-spiarane også venner. Auggie viser han sine verk; fleire mest identiske album med eit bilete frå kvar og ein dag og same tidspunkt dei siste 2000 dagane, eller kanskje meir. Motivet er det same på kvart og eit, med utsikta frå kioskhjørnet i perspektiv. Desse bileta tematiserer tida i teksten. Viss ein blar sakte og analyserer kvar og eit ser ein detaljar. Årstider skiftar, dei same menneska hastar til jobb og det skjer endringar og utvikling. 

Den utgreiinga om dette uvanlege verket til Auggie er berre ei av fleire historier som er fletta inn i denne juleforteljinga. På starten har vi historia om korleis dei to vart kjend og oppdraget han fekk om å skrive juleforteljing til New York Times. Deretter kjem sjølve juleforteljinga som Auggie fortel. Om mannen som stel, og hans besøk hos den gamle dama. Slike små historier inn-fletta i ei historie er typisk for Paul Austers skriving. 

Kjelde: Auggie Wrens juleforteljing som vi fekk utdelt på ark på skulen.
Bilete er henta her.

mandag 24. november 2008

onsdag 12. november 2008

"Nå skal vi bli Himba"

«Nå skal vi bli Himba» sier Reidar positivt. Familien som har vært vrange i forhold til Himbaenes regler og kultur fra starten av har nå gradvis endret sitt syn. Fra å nekte å ligge et annet sted enn barna sine og dårlig kjemi med folkene har Karin nå godtatt mer av deres kultur og fått en mer positiv holdning. Men likevel er hun og Ida litt bak Reidar og Kristin. Kristin har vært mye sammen med Himbabarna og sovet med dem om natta. Ida vil sove med Karin. Selv om Karin og jentene har fått en mer positiv holdning er de litt skeptiske til klærne. Karin liker ikke miniskjørtet og har ikke lyst til å bli smurt inn slik som Himbadamene. Reidar derimot trives godt med ekte Himbastil. Familien har tatt et skritt nærmere å leve som stammen, og Reidar og Kristin slår seg løs under feiringen.

mandag 3. november 2008

Grunnlag for makt og rikdom i Noreg i forhistoria.

Arbeidsoppgåve 3 s. 72. "Gjør rede for ulike forhold som kan ha gitt grunnlag for makt og rikdom i Norge i forhistoria" Biletet viser eit slags sverd frå bronsealderen.  

Klimaet i Norge kunne vera tøft, men langs den isfrie kysten fann dei fyrste menneska rike ressursar (Ca. 9000 f. Kr). Det var gode fiskeplassar og mengder av skjel og skaldyr, sel og sjøfugl i vatnet og store flokkar med rein på fastlandet. Mennesket var stadig på vandring og kvar enkelt var avhengig av store område for å klare seg. Folketalet var derfor lite. 

Befolkningsauken byrja fyrst omkring 6000 år f. Kr. da klimaet blei varmare og tilgangen på mat vart meir stabil. Jordbruket tok til for fult 2800 f. Kr etter ei periode der næringa var borte. No vart det fastare busetjing enn tidlegare og langhus vart vanleg. På Østlandet og Sørvestlandet var det fruktbare jordbruksbygder der ein trur det voks fram høvdingsamfunn i bronsealderen (1500 f. Kr). Arkeologiske funn viser at det vart nytta gravhaugar, sannsynlegvis for overklassa for å uttrykkje økonomisk og politisk makt. Metallbuken som blei innført i bronsealderen førte til auka spesialisering i jordbruket. 

500 f. Kr til 1050 e. Kr kallar vi jernalder. Dei nordiske samfunna gjennomgjekk store forandringar, der bruken av jern og kunnskapar om jernutvinning var ein viktig drivkraft for utvikling. Norsk natur hadde myrmalm lett tilgjengeleg slik at jern kunne utvinnast lokalt. Arbeidet med jordbruk vart lettare og meir effektivt og dette gav livsgrunnlag for fleire menneske. Langs kysten vart det meir handel og kontakt med utlandet. Skinn, jern og kleberstein vart truleg brukt i varebytte og gav grunnlag for rikdom og makt. Dette vart forsterka på 700-talet da robåten vart erstatta med seglførande skip. 


torsdag 16. oktober 2008

Demokratiet - ei gresk nyvinning


Greske bysamfunn var først styrt av småkonger eller høvdinger. Rundt 700 f.Kr ble de skjøvet til side og makta kom i rike jordeieres hender. Siden de kunne bidra med hester, våpen og annen utrustning i krigssituasjoner, ble de sett på som de beste og fikk stor innflytelse i samfunnet. Det ble kalt aristokrati.

Disse aristokratene måtte på 600-tallet etterhvert gi fra seg makt til andre grupper. Fotsoldater med store skjold erstattet i større grad ryttere til hest. Jernsmedene utviklet bedre og billigere våpen, og større del av befolkninga kunne ruste seg og delta i krigføringen. 

På 500-tallet kom tyranner til makta. De var populære ledere som fikk enemakt med støtte fra et bedre lag av befolkninga. Mange av disse tyrannene ble etterhvert upopulære herskere og måtte vende seg til folket med løfte om reformer og politisk deltakelse. Slik fikk flere politisk innflytelse. De som hadde politiske rettigheter var menn over 25 år, gjerne jordeiende bønder. Dette var starten på det som i dag er demokrati

Stoffet er henta fra Læreboka og bildet er henta her.

torsdag 9. oktober 2008

Maleri i barokken


Nattevakten(1642) av Rembrant.
Bildet er typisk for Barokken med dramatisk fremstilling av lys og skygge.
Maleriet er også veldig detaljert. 

torsdag 25. september 2008

Hamelet - "Å være eller ikke være"

Oppgaver i læreboken, s. 307.

a) Med setningen «Å være eller ikke være...» sikter Hamlet til å leve eller å ta sitt eget liv.

b) Hamlet beskriv livet som vanskelig, med motgang og sorg. Folk hakker ned han, og livet består av mange plager. Han er fristet til å slippe unna livets bører.

c) Hamlet har angst for døden fordi han ikke vet hva som venter. Er det verre enn å leve? Er det bare en evig søvn med drømmer? Ingen har svaret på dette, og Hamlet velger å heller leve med livets bører enn å kaste seg ut i det ukjente.

d) Refleksjon og ettertanke gjør oss feige mener Hamlet. Dersom vi får tid til å tenke oss godt om fører det ofte til ombestemmelse.

e) Hamlet virker litt svak og usikker. Han lar seg hakke på av andre og han er fristet til gjøre ende på livet. Likevel er han kontrollert og velger å leve med livets motgang i stedet for å gjøre noe så enkelt som å ta livet sitt.

mandag 22. september 2008

fredag 19. september 2008

Antikken

Med Antikken meiner vi gresk og romersk kultur frå 500 f. Kr til 500 e. Kr. Bystatar vart opretta og det var mykje kunst og kultur. På bilde ser ein søyler som var mykje brukt.



mandag 8. september 2008

Skaldar og skaldekvad

I middelaldaren hadde mange kongar ein skald som også var deira rådgjevar. Ein skald var ein norrøn diktar, poet og historiefortelljar. Skaldens oppgåve var å dikta kvad om kongens bedrifter og å hylla han. Dette auka statusen til både skalden og kongen, og i løn fikk skaldane ofte gullring, sverd, luksusklede og meir. Nokon fikk til og med eit heilt skip. (Luksus!)

Det var for det meste menn som var skaldar, men også kvinner kunne kvede. Vi kjenner til tilsaman rundt 250 skaldar. Islendingen Gunnlaug Ormstunge var ein av dem. Han var innom hos herskarar i både Noreg, England og Orkøyane og fekk god løn. Egil Skallagrimsson er også svært kjend. 

Skaldekvada omhandla ofte gudar, heltar og gjerne vikingkongane. Dei vart ikkje nedskrevne, men lest eller sunget ut til forsamlinga av skalden. Kvada gjekk inn i den muntlege historietradisjonen, og nokon vært gjenfortalde i så mange generasjonar at dei vart skrevne ned(år 1100, etter alfabetet kom). Kvada vart betrakta som kunst, og dei beste skaldane vart meget kjende og fekk god betaling. Mest kjend av dei som skreiv ned norrøn dikting, er nok Snorre Sturlason med Heimskringla, Den yngre Edda og Egils saga. 



Bilete skal førestilla ein skald.

søndag 31. august 2008

Hieroglyf

Rundt 3000 år f.Kr ble skriftspråket Hieroglyfer utviklet i det gamle egypt. Skriftspråket er ett av de eldste vi kjenner. Akkuratt som vårt alfabet er hieroglyfene fonetiske, hvert tegn representerer bestemte lyder. 

Det var i hovedsak byråkrater og embetsmenn som benyttet hieroglyfene. I begynnelsen ble de risset in i stein, men etterhvert som papyrus(form for papir) ble oppfunnet ble språket enklere og mer allmennt. 

Skriften bestod opprinnelig av 764 tegn, og hovedsaklig av små bilder/figurer(mennesker, dyr, planter, redskaper og andre gjenstander), som enten leses som en lyd – fonetisk, eller tegn på det som bildet viser.

De siste hieroglyfene vi kjenner til er fra 394 e.Kr og ble funnet i et tempel lengst sør i landet. Språket døde etterhvert ut. For det første fordi tegnene var meget kompliserte, men for det andre på grunn av det koptiske tegnespråket som overtok da kristendommen ble innført. Folk hadde mistet kunnskapen om hieroglyene. Tegnene forvirret historikere i århundrer. De sto overalt på vegger i egyptiske templer, men var umulige å tyde. Inntil man fant Rosettasteinen(1799) som var en slags forklaring. Forskerne tydet denne steinen(1822), og en rik litterær fortidsverden åpenbarte seg for dem. 



Bilde av egyptiske hieroglyfer.

Kilde: http://no.wikipedia.org/wiki/Hieroglyf

(Jeg glemte desverre igjen boka på skolen, så det er mulig jeg bommet på oppgaven).

onsdag 20. august 2008

Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det?, av Bjørn Sortland.

Markus får auge på ei jente(Ingrid), så inderleg vakker sjølv utan hår på hovudet. Han går bort, spør etter ein røyk og slår av ein prat. Han får fort følelser for ho.

Kollektivt selvmord, av Arto Paasilinna.

To karer møtes, begge på tur til å ta sitt eget liv. De utsetter det, og planlegger nettop et kollektivt selvmord i stedet, der alle suicidale mennesker i Finnland innviteres. En luxus-buss bærer av gårde mot Norkapp's stup med alle disse menneskene. Rett før stupet bråstopper bussen ...

Rein tekst.

"Rein tekst" er ein leseaksjon fra foreninga !les. Aksjonen går føre seg i videregåande skuler og har som føremål å skapa leslyst hjå ungdom mellom 16 og 19 år. Nette pocketbøker blir delte ut til alle deltakarane. Dei inneheld utdrag fra nokon av dei beste bøkene som er gjeve ut hittil i år, både romanar, novellar, teikneseriar og faglitteratur. I samband med boka er det i tillegg konkuransar med oppgåver knytta til utdraga. Ein kan vinne flotte premiar!

Kjelde: http://txt.no/index.php?option=com_content&task=view&id=800&Itemid=591

tirsdag 19. august 2008

Det fyrste innlegget.

Dette er fyrste innlegg på denne nyopretta bloggen! Har no også satt saman ein "header" som skal illustrere kva denne bloggen tek for seg, altså skulefaga norsk og historie. Skriv på nynorsk no, men kjem nok til å variera litt.