tirsdag 9. desember 2008

Auggie Wrens juleforteljing.


Ei Juleforteljing treng ikkje nødvendigvis å handla om jul og det som høyrer høgtida til. Nissar, englar, snø og den slags er noko vi forbind med jula, men ei god juleforteljing kan vel bli fin forutan det? Eg meiner at det viktigaste i ei fin juleforteljing er bodskapen. Den må fortelje oss noko og samtidig helst vera koseleg, nett som ei solskinshistorie. Jula er ei høgtid der ein sett det å ha det bra ekstra høgt. Alle skal ha det bra i jula, og det å sørgje for at andre nettopp har det, det er ei god gjerning som gjerne høyrer ei juleforteljing til. 

Auggie Wrens juleforteljing er skriven av den amerikanske forfattaren Paul Auster. Nett som novella fortel er den skriven for New York Times, og vart publisert 25. desember i 1990. Denne juleforteljinga inneheld akkurat denne koselege biten eg nemnde over. Historia startar litt dystert med ein ynkeleg ung mann som stel. Men det koselege kjem da Auggie blir drege inn i eit spel med bestemora til denne stakkarslege mannen. Forutan at ho er gammal er ho også blind og antakeleg til og med litt einsam. Det at Auggie kjem på besøk julekvelden gjer ho glad. Ho likar å tru at det er han som er barnebarnet hennar, og han spelar med for å ikkje skuffe denne stakkars dama. Han bidreg til at hennar siste jul blir koseleg og fin. 

Auggie Wren føler seg ussel. Han ser på gjerninga si litt annleis. Jo, han veit at han bidrog til at dama fekk ei fin jul og alt det der, men det at han gjedde seg ut for å vera barnebarnet hennar, Robert, vart feil. Og ikkje nok med det, så tok han med seg eit av dei mange digitalkamera som stod der. Sannsynlegvis noko Robert hadde stole. Auggie syns dette er ubehageleg og likar ikkje det han gjorde. Kanskje det er grunnen til at han ikkje vil ha historia skriven med sitt eige namn? Det kan også vera at han berre fann opp heile historia, berre for å hjelpa ein god venn. 

Forfattaren er fast kunde hjå denne Auggie Wren, men etterkvart som dei finn ut at dei har noko til felles, blir desse kunstnar-spiarane også venner. Auggie viser han sine verk; fleire mest identiske album med eit bilete frå kvar og ein dag og same tidspunkt dei siste 2000 dagane, eller kanskje meir. Motivet er det same på kvart og eit, med utsikta frå kioskhjørnet i perspektiv. Desse bileta tematiserer tida i teksten. Viss ein blar sakte og analyserer kvar og eit ser ein detaljar. Årstider skiftar, dei same menneska hastar til jobb og det skjer endringar og utvikling. 

Den utgreiinga om dette uvanlege verket til Auggie er berre ei av fleire historier som er fletta inn i denne juleforteljinga. På starten har vi historia om korleis dei to vart kjend og oppdraget han fekk om å skrive juleforteljing til New York Times. Deretter kjem sjølve juleforteljinga som Auggie fortel. Om mannen som stel, og hans besøk hos den gamle dama. Slike små historier inn-fletta i ei historie er typisk for Paul Austers skriving. 

Kjelde: Auggie Wrens juleforteljing som vi fekk utdelt på ark på skulen.
Bilete er henta her.

Ingen kommentarer: