mandag 3. november 2008

Grunnlag for makt og rikdom i Noreg i forhistoria.

Arbeidsoppgåve 3 s. 72. "Gjør rede for ulike forhold som kan ha gitt grunnlag for makt og rikdom i Norge i forhistoria" Biletet viser eit slags sverd frå bronsealderen.  

Klimaet i Norge kunne vera tøft, men langs den isfrie kysten fann dei fyrste menneska rike ressursar (Ca. 9000 f. Kr). Det var gode fiskeplassar og mengder av skjel og skaldyr, sel og sjøfugl i vatnet og store flokkar med rein på fastlandet. Mennesket var stadig på vandring og kvar enkelt var avhengig av store område for å klare seg. Folketalet var derfor lite. 

Befolkningsauken byrja fyrst omkring 6000 år f. Kr. da klimaet blei varmare og tilgangen på mat vart meir stabil. Jordbruket tok til for fult 2800 f. Kr etter ei periode der næringa var borte. No vart det fastare busetjing enn tidlegare og langhus vart vanleg. På Østlandet og Sørvestlandet var det fruktbare jordbruksbygder der ein trur det voks fram høvdingsamfunn i bronsealderen (1500 f. Kr). Arkeologiske funn viser at det vart nytta gravhaugar, sannsynlegvis for overklassa for å uttrykkje økonomisk og politisk makt. Metallbuken som blei innført i bronsealderen førte til auka spesialisering i jordbruket. 

500 f. Kr til 1050 e. Kr kallar vi jernalder. Dei nordiske samfunna gjennomgjekk store forandringar, der bruken av jern og kunnskapar om jernutvinning var ein viktig drivkraft for utvikling. Norsk natur hadde myrmalm lett tilgjengeleg slik at jern kunne utvinnast lokalt. Arbeidet med jordbruk vart lettare og meir effektivt og dette gav livsgrunnlag for fleire menneske. Langs kysten vart det meir handel og kontakt med utlandet. Skinn, jern og kleberstein vart truleg brukt i varebytte og gav grunnlag for rikdom og makt. Dette vart forsterka på 700-talet da robåten vart erstatta med seglførande skip. 


Ingen kommentarer: