torsdag 7. mai 2009

Bjørnstjerne Bjørnson (1832-1910)

”De fleste heldige politikere nå til dags seirer ikke ved egen storhet, men ved de andres ynkelighet.”

Som sitatet seier var Bjørnson ein heftig samfunnsdebattant og samtidig forfattar. I byrjinga av forfattarskapen brukte han motiv frå bondekulturen, men frå midt på 1970-åra la han det nasjonalromantiske bak seg og tok til å skriva om samfunnsaktuelle tema. Engasjementet hans var stort, og det var ikkje ei samfunnssak han ikkje hadde meiningar om. 

Bjørnson vart født på ein gard på Kvikne men flytta til Romsdalen og voks opp der. Han ville heller lese bøker enn å gjere lekser, og var ikkje den mest skuleflinke. Likevel, som 17 åring, vart han sendt til Heltbergs studentfabrikk i Christiania kvar han hadde klassekameratar son Jonas Lie, Henrik Ibsen og Åsmund Olavsson Vinje. Etter fullført eksamen i 1852 byrja han å arbeida som journalist. 

Dikt(ofte for barn), drama, og forteljingar var også ein vesentleg del av forfattarskapen til Bjørnson, og det er dette som lever etter han i dag. Berre som elleveåring byrja han å skriva dikt, og det er han som har skrevet teksten til nasjonalsongen vår; ”Ja, vi elsker”. Han har også skreve såkalla bondeforteljingar, blant anna ”Synnøve Solbakken”. Tanken bak desse var å gje bøndene betre sjølvtillit, for det var nettopp dei som skulle byggja nasjonen. 

Gjennom livet har Bjørnson skrevet ufatteleg mykje, blant anna 1000 artiklar i aviser og tidsskrifter og heile 30000 brev. Han vektla element som opplysningsarbeid, demokrati og vern om Grunnlova og hadde også ein viss innverknad på politikken gjennom venstre. Det var han som grunnla riksmålforbundet, og han er erklært som ein av dei fire store innan norsk litteratur. Innsatsen hans for nasjonen var enorm både kulturelt og politisk. I 1910 døde han i Paris kvar han skulle få behandling for noko sjukdom han hadde. 7 år tidlegare, i 1903, vart han tildelt Nobelprisen i litteratur. 


Statue av Bjørnson utanfor nasjonalteateret i Oslo. 

Ingen kommentarer: