tirsdag 13. januar 2009

Frans av Assisi (1182-1226).

I oppgaven min skal jeg skrive om Frans av Assisi (s. 140 i læreboka). Han var stiftaren av fransiskanerordenen som la spesielt vekt på nøysomhet og omsorg for dei fattige. Sjølv var han frå ein velståande familie, men vente ryggen til all rikdommen. 

Bayeux-teppet.


(Eit lite utsnitt av det enorme teppet.)

Dette 70 meter lange, brodert bayeux-teppet vart lagd i tida etter slaget ved Hasting i 1066. Teppet vart nytta i spesielle anledningar og var i samtida opphengt i domkyrkja i byen Bayeux i Nomandie. Kven som har lagd teppet er litt usikkert.

I dag kan teppet nyttast som ei historisk kjelde. Dei broderte bileta gjev viktig dokumentasjon av tidas stridsutstyr, dekorasjonar og symbol, samt ulike hendingar frå den tida. Baldisholteppet som er funne i Noreg har eit ryttermotiv med lignande utstyr som motiva på bayeux-teppet. Kan det seia oss noko? 

onsdag 7. januar 2009

Tolking av bilete.


Matrestar.




Ein elev har vorte forgifta.

tirsdag 9. desember 2008

Auggie Wrens juleforteljing.


Ei Juleforteljing treng ikkje nødvendigvis å handla om jul og det som høyrer høgtida til. Nissar, englar, snø og den slags er noko vi forbind med jula, men ei god juleforteljing kan vel bli fin forutan det? Eg meiner at det viktigaste i ei fin juleforteljing er bodskapen. Den må fortelje oss noko og samtidig helst vera koseleg, nett som ei solskinshistorie. Jula er ei høgtid der ein sett det å ha det bra ekstra høgt. Alle skal ha det bra i jula, og det å sørgje for at andre nettopp har det, det er ei god gjerning som gjerne høyrer ei juleforteljing til. 

Auggie Wrens juleforteljing er skriven av den amerikanske forfattaren Paul Auster. Nett som novella fortel er den skriven for New York Times, og vart publisert 25. desember i 1990. Denne juleforteljinga inneheld akkurat denne koselege biten eg nemnde over. Historia startar litt dystert med ein ynkeleg ung mann som stel. Men det koselege kjem da Auggie blir drege inn i eit spel med bestemora til denne stakkarslege mannen. Forutan at ho er gammal er ho også blind og antakeleg til og med litt einsam. Det at Auggie kjem på besøk julekvelden gjer ho glad. Ho likar å tru at det er han som er barnebarnet hennar, og han spelar med for å ikkje skuffe denne stakkars dama. Han bidreg til at hennar siste jul blir koseleg og fin. 

Auggie Wren føler seg ussel. Han ser på gjerninga si litt annleis. Jo, han veit at han bidrog til at dama fekk ei fin jul og alt det der, men det at han gjedde seg ut for å vera barnebarnet hennar, Robert, vart feil. Og ikkje nok med det, så tok han med seg eit av dei mange digitalkamera som stod der. Sannsynlegvis noko Robert hadde stole. Auggie syns dette er ubehageleg og likar ikkje det han gjorde. Kanskje det er grunnen til at han ikkje vil ha historia skriven med sitt eige namn? Det kan også vera at han berre fann opp heile historia, berre for å hjelpa ein god venn. 

Forfattaren er fast kunde hjå denne Auggie Wren, men etterkvart som dei finn ut at dei har noko til felles, blir desse kunstnar-spiarane også venner. Auggie viser han sine verk; fleire mest identiske album med eit bilete frå kvar og ein dag og same tidspunkt dei siste 2000 dagane, eller kanskje meir. Motivet er det same på kvart og eit, med utsikta frå kioskhjørnet i perspektiv. Desse bileta tematiserer tida i teksten. Viss ein blar sakte og analyserer kvar og eit ser ein detaljar. Årstider skiftar, dei same menneska hastar til jobb og det skjer endringar og utvikling. 

Den utgreiinga om dette uvanlege verket til Auggie er berre ei av fleire historier som er fletta inn i denne juleforteljinga. På starten har vi historia om korleis dei to vart kjend og oppdraget han fekk om å skrive juleforteljing til New York Times. Deretter kjem sjølve juleforteljinga som Auggie fortel. Om mannen som stel, og hans besøk hos den gamle dama. Slike små historier inn-fletta i ei historie er typisk for Paul Austers skriving. 

Kjelde: Auggie Wrens juleforteljing som vi fekk utdelt på ark på skulen.
Bilete er henta her.

mandag 24. november 2008

onsdag 12. november 2008

"Nå skal vi bli Himba"

«Nå skal vi bli Himba» sier Reidar positivt. Familien som har vært vrange i forhold til Himbaenes regler og kultur fra starten av har nå gradvis endret sitt syn. Fra å nekte å ligge et annet sted enn barna sine og dårlig kjemi med folkene har Karin nå godtatt mer av deres kultur og fått en mer positiv holdning. Men likevel er hun og Ida litt bak Reidar og Kristin. Kristin har vært mye sammen med Himbabarna og sovet med dem om natta. Ida vil sove med Karin. Selv om Karin og jentene har fått en mer positiv holdning er de litt skeptiske til klærne. Karin liker ikke miniskjørtet og har ikke lyst til å bli smurt inn slik som Himbadamene. Reidar derimot trives godt med ekte Himbastil. Familien har tatt et skritt nærmere å leve som stammen, og Reidar og Kristin slår seg løs under feiringen.

mandag 3. november 2008

Grunnlag for makt og rikdom i Noreg i forhistoria.

Arbeidsoppgåve 3 s. 72. "Gjør rede for ulike forhold som kan ha gitt grunnlag for makt og rikdom i Norge i forhistoria" Biletet viser eit slags sverd frå bronsealderen.  

Klimaet i Norge kunne vera tøft, men langs den isfrie kysten fann dei fyrste menneska rike ressursar (Ca. 9000 f. Kr). Det var gode fiskeplassar og mengder av skjel og skaldyr, sel og sjøfugl i vatnet og store flokkar med rein på fastlandet. Mennesket var stadig på vandring og kvar enkelt var avhengig av store område for å klare seg. Folketalet var derfor lite. 

Befolkningsauken byrja fyrst omkring 6000 år f. Kr. da klimaet blei varmare og tilgangen på mat vart meir stabil. Jordbruket tok til for fult 2800 f. Kr etter ei periode der næringa var borte. No vart det fastare busetjing enn tidlegare og langhus vart vanleg. På Østlandet og Sørvestlandet var det fruktbare jordbruksbygder der ein trur det voks fram høvdingsamfunn i bronsealderen (1500 f. Kr). Arkeologiske funn viser at det vart nytta gravhaugar, sannsynlegvis for overklassa for å uttrykkje økonomisk og politisk makt. Metallbuken som blei innført i bronsealderen førte til auka spesialisering i jordbruket. 

500 f. Kr til 1050 e. Kr kallar vi jernalder. Dei nordiske samfunna gjennomgjekk store forandringar, der bruken av jern og kunnskapar om jernutvinning var ein viktig drivkraft for utvikling. Norsk natur hadde myrmalm lett tilgjengeleg slik at jern kunne utvinnast lokalt. Arbeidet med jordbruk vart lettare og meir effektivt og dette gav livsgrunnlag for fleire menneske. Langs kysten vart det meir handel og kontakt med utlandet. Skinn, jern og kleberstein vart truleg brukt i varebytte og gav grunnlag for rikdom og makt. Dette vart forsterka på 700-talet da robåten vart erstatta med seglførande skip.